: Lærdalstunnelen: Verdans lengste | Din Fritid

Lærdalstunnelen: Verdans lengste

I november i fjor vart verdas lengste vegtunnel opna med stor ståhei, med kongen og andre prominensar til stades. Tunnelen på E16 går frå Lærdal til Aurland, innerst i Sogn og Fjordane, og er ein del av det ferjefrie stamvegsambandet mellom aust og vest. Tunnelen er 24,5 km lang.


Fjellhallar

For at ferda gjennom fjellet ikkje skal bli for monoton, er det laga til tre store “fjellhallar” som ein passerer på ferda. Desse er opplyste, kvar med ulike fargar. Det er nesten trolsk stemning når ein langt inne i fjellet etterkvart fornemmar eit svakt blåleg lys. Lyset blir sterkare, og snart er vi inne i ein stor hall, med blått og gult lys. Ingen tussar eller troll er å sjå, men vi kan høyre brumming av store bilar i det fjerne når vi stig ut av bilen for å ta fjellhallen litt nærare i augnesyn. Lyden blir strekar, og så kjem eit vogtog dundrande. Så blir det stilt att, og det er berre vi og fjellet.


Tryggleik

I verdas lengste vegtunnnel er det lagt stor vekt på tryggleik. Vegfarande blir heile tida opplyst om kor langt ein har køyrd og kor langt det er att til utgangen. Det er også lyssignal som varslar om noko gale er fatt, og det er laga snuplassar med jamne mellomrom der også vogntog kan snu.
I tillegg til Lærdalstunnelen går E 16 i indre Sogn også gjennom Flenjatunnelen (5 km) og Gudvangentunnelen (11,5 km, verdas nest lengste vegtunnel). Så ein skal ikkje ha tunnelfobi om ein skal køyre denne vegen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

På forsiden