: Klart for utbetring av Lærdalstunnelen | Din Fritid

Klart for utbetring av Lærdalstunnelen

Lærdalstunnelen må utbetrast for å vere innanfor krava til EUs tunnelsikkerheitsdirektiv. Oppgradering av ventilasjonsanlegget, nytt lysanlegg, naudstasjonar og eit overvakingssystem er blant tiltaka som må gjennomførast. Kostnadsramma er på 2,3 milliardar kroner. Arbeida skal starte i løpet av 2022, og etter planen vere ferdig i 2027. Tunnelen vil bli stengt mellom kl. 22.00-06.00 i denne perioden.

– Det er trygt å køyre i norske tunnelar, og det skal det fortsette å vere i lang tid framover. Vi har dei siste åra trappa opp innsatsen for å komme innanfor krava til EUs tunnelsikkerheitsdirektiv. Utbetringane i Lærdalstunnelen er naudsynte og vil betre tryggleiken ved hendingar og ulykker, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

– Vi må gjere desse utbetringane. Samtidig må det ha minst mogleg innverknad på alle dei som nyttar tunnelen. Derfor skal Statens vegvesen drøfte detaljane i stenginga med dei lokale kommunane, lokalt næringsliv og transportnæringa. På den måten sørger vi for dei beste løysingane for arbeidet og trafikantane i åra som kjem, seier Hareide.

Meir informasjon her.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Emneord: 

På forsiden