: Trolltoget i Måbødalen | Din Fritid

Trolltoget i Måbødalen

Riksveg 7, Eventyrvegen, som går over Hardangervidda, er i dag for ein stor del lagt i tunnel i dei bratte og ville nedstigningane frå fjell til fjord. Gamlevegen ligg intakt og er framleis i god stand.

På den gamle vegparsellen, som i dag er stengt for vanleg biltrafikk, men open som gang- og sykkelveg, kan ein reise med Trolltoget, for å få ei anna oppleving av både naturen og gamal ingienørkunst. Det er 400 år gamal vegbyggingstradisjon i Måbødalen, frå gangsti til kjerreveg, og som i dag, moderne vegbyggjekunst. Gang- og kløvstigen opp Måbøgaldane har 1300 trappetrinn og 125 svingar. Den gamle bilvegen ligg for det meste på utsida av fjellet, i Storagjelet i slyng over fleire “etasjar”. Den nye vegen ligg i korketrekkjarslyng inne i fjellet. Disverre for dagens vegfarande, så er det ofte så lite ein får sett av naturen på dei mest spanande stadane. Vi fylgde den gamle bilvegen og Trolltogekvipasjen nedover, frå utgangspunktet ved toppen av den godt kjende Vøringsfossen (sjå reportasje i Bobil og caravan nr 4 98). Turen endar ved Måbø gard 500 meter lengre nede.

Guida tur

Passasjerane sit i to overbygde vogner med god utsikt. Det er plass for 54 personar. Turen er guida på tre språk, og tek om lag 20 minutt. Det går i ein bedageleg fart tolv femten kilometer i timen. Stein Eirik Svoldal Karlsen, som er vognførar denne dagen, fortel at i “lokomotivet”, så sit det ein 4,3 Nissan Patrol diesel motor. Det er god trekkraft, med andre ord. Han køyrer på gir nedover, i tillegg er det luftbremsesystem, så alle kan kjenne seg trygge. Svoldal Karlsen fortel at ein kan gjere avtale om å gå på eller av under vegs.

Det er alltid eit problem korleis ein skal organisere seg når ein skal ta slike turar som denne. Kven skal køyre bilen, eller skal vi få guida tur både opp og ned? Eit godt tips vil vera å spasere den eine vegen, gjerne nedover. Det vil for dei aller fleste vera ein overkommeleg spasertur. Les mer på: www.trolltoget.no

Meld deg på vårt nyhetsbrev

På forsiden