: Attraksjonar og aktivitetar i Nordfjord | Din Fritid

Attraksjonar og aktivitetar i Nordfjord

Reisemål Stryn & Nordfjord består av kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Bremanger, Vågsøy og Selje. Her finn du eit kontrastfylt landskap med hav, fjord, innsjøar, brear og fjell. Regionen strekkjer seg frå Strynefjellet i aust til Stadhavet i vest. Ei reise gjennom dette landskapet viser deg mange av dei mest fantastiske naturattraksjonar i Norge. Foto: Per Eide

Briksdalsbreen

Gjester frå heile verda kjem for å sjå denne kjende brearmen som ligg mellom brusande fossar og høge fjell. Opplev Briksdalsbreen anten til fots eller ved hjelp av hest og kjerre opp til breen. Våre stødige breførarar kan også ta deg med på ein utforgløymelig bretur, der du kan oppleve blåisen på nært hald. På Briksdalsbre Fjellstove finn de kafé og suvenirar. Brevandring kan de gjere heile året. Briksdalsbre Fjellstove, 6792 Briksdalsbre. Tel.: 57 87 68 00. Faks 57 87 68 01. www.briksdalsbre.no E-mail: post@briksdalsbre.no Olden Aktiv Briksdalsbreen as Tlf 57 87 38 88 www.oldenaktiv.no E-mail: info@oldenaktiv.no

Transporttilbod til Briksdalsbreen

Frå sommaren 2003 vil der vere eit transportalternativ til den tradisjonelle hesteskyssen i Briksdalen. Dei 6 nye bilane, med ein total kapasitet på 42 personar pr. avgang, skal vere eit supplement til hesteskyssen, og eit alternativ til alle dei som ynskjer transport opp til breen og som ikkje får plass i hestevogna. 2003 vil vere ein prøvesesong, og ein skal satse på ein avgang tidleg på morgonen, før hestane går i trafikk, og så køyre utover ettermiddagen etter at hestetrafikken er slutt. Hestar og bilar skal ikkje vere i vegen samtidig. Turen med bilane kontra hesteskyssen vil verte omlag 30 minutt kortare, medan gjestene får same tid ved breen. Ein reknar med at tur/retur vil ta omlag 1 time og 15 minutt. Prisen vil og ligge ein del under det som i dag er gjeldande prisar for hesteskyssen.

Buldring i Oldedalen

Sommaren 1997 starta breførarar frå Olden Aktiv å klatre på kjempe- steinane på Melkevoll Bretun i Oldedalen. Dei har no gjort dette tilbodet tilgjengelig for klatreinteresserte. Buldring er ein velkjent sport i utlandet, men forholdsvis ny i Norge! I dag er det rundt 100 buldreproblem på bretunet som alle er merka med nummer og gradert etter vanskegrad. Det er framleis mange ubørsta steinar og ugåtte prosjekt inst i Oldedalen, som ligg rett under kjelda til ‹‹Olden››. Olden Aktiv Briksdalsbreen as, 6792 Briksdalsbre. Tel.: 57 87 38 88. Faks 57 87 59 61 www.briksdalsbreen.com E-mail: post@briksdalsbreen.com

Steinalderhole

Under nokre kjempesteinar er det laga til kopi av ein steinalderbustad. I hola er det bord/benkar med sitjeplass for omlag 50 personar. I midten er det bål -og grillplass. Overnattingsplassar for omlag 20 personar. For grupper kan dei tilby servering av lunsj- og middagsrettar. Enkle rettar eller spanande menyar frå Norsk Gardsmat. Melkevoll Bretun, Oldedalen, 6792 Briksdalsbre. Tel. 57 87 38 64/913 19 832. Faks 57 87 38 90. www.melkevoll.no E-mail: post@melkevoll.no

Gamle Strynefjellsvegen (RV258)

Er ein av våre Nasjonale Turistvegar, og den nærare 110 år gamle vegen slynger seg over fjellet mellom Stryn og Skjåk. Grusvegen var lenge det einaste sambandet mellom aust og vest, og Statens Vegvesen har gjenreist stabbesteinsrekker slik at turistane fortsatt skal få følelsen av å køyre på gamal ferdaveg. Langs turistvegen er det også eit sommerskisenter, rasteplassar, og informasjonstavler som fortel om landskapet, geologien og naturen.

Lodalen - Kjenndalsbreen

Lodalen og Kjenndalsbreen er også ei oppleving du bør få med deg. Vakker natur og dalen si dramatiske historie gjer Lodalen spesiell. To gongar rasa steinblokker frå Ramnefjell ut i Lovatnet. Flodbølgja la bygdene Nesdal og Bødal øyde og 135 menneske miste livet. Årstala 1905 og 1936 vil for alltid minne folk i indre Nordfjord om Lodalsulukkene. Kjenndalsbreen ligg lettast tilgjengelig av brearmane, berre 160 meter over havet. Brevandring er også mogleg i denne dalen, på Bødalsbreen kan våre dyktige breførarar ta dykk med på ein spanande tur.

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, Stryn

Nasjonalparksenteret ligg ved Strynevatnet i Oppstryn (RV. 15). Ny panoramafilm om Jostedalsbreen i kinosalen. Breiformat 16:9. Må opplevast! Utstillingar med modellar og mineralsamlingar. Unik villblomsterhage med 325 ulike artar. Stort utval av naturstiar. Kafé og suvenirar. Sesong: 01.05 – 30. 09. Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, Stryn 6799 Oppstryn. Tel. 57 87 72 00. Mobil 915 80 078. Faks 57 87 72 01. Opningstider: www.jostedalsbre.no E-mail: post@jostedalsbre.no

Stryn Sommerskisenter

Besøk Nord Europas beste sommerskianlegg, Stryn Sommerskisenter. Senteret ligg langs Gamle Strynefjellsvegen (RV 258). Her kan skiglade gjester boltre seg i herleg sommarsnø anten du går langrenn eller køyrer alpint, telemark eller snowboard. Preparerte tur - og langrennsløyper på breplatået og eigen snowboard park. Eige barneskitrekk i juli. Kafeteria, skileige og ski-shop. Mange arrangement heile sesongen. Stryn Sommerskisenter – Strynefjellet AS 6781 Stryn. Tel. 57 89 10 10. Faks 57 89 10 11. www.strynefjellet.com E-mail: summerski@strynefjellet.com

Anders Svor Museum /Kunstgalleri

Den kjende bilethoggaren Anders Svor (1864 - 1929) frå Hornindal har fått sitt eige museum, der ein kan beundre dei fleste av arbeida hans, i alt 450. Anders Svor sin kunst er kjenneteikna av det enkle, reine og rotekte. Arbeida hans har ei naturalistisk form, ofte med eit romantisk drag. Anders Svor Museum /Kunstgalleri 6761 Hornindal. Tel. 57 87 97 76 / 913 13 256 / 57 87 96 05. Faks: 57 87 98 01

Norsk Fjordhestsenter

Det nasjonale senteret for avl og bruk av fjordhesten. Fjordhestsenteret har ope heile året. Særlege turistarrangement gjennom sommaren. Rideleirar. Ride- og køyreturar. Hytteutleige. Senteret organiserer kurs og andre ride aktivitetar. Blant anna tilbyr senteret 1-dags ridetur i vakker vestlandsnatur. Hest og kjerre (omlag 1 time)kr. 500,- pr. kjerre. 6770 Nordfjordeid. Tel. 57 86 48 00. Faks 57 86 48 01. www.norsk-fjordhestsenter.no E-mail: fjordhest.senter@c2i.net

Norsk Fjordhestgard

Stiftelsen Norsk Fjordhestgard er eit aktivitetssenter for bruk og avl av fjordhest. Senteret ligg like ved E-39 i Breim i Gloppen kommune. Riding og andre aktivitetar som høver for familiar. Tilboda er også tilpassa funksjonshemma. Sesong: Riding timar året rundt, fjellriding og rideleirar i sommar månadane. Norsk Fjordhestgard 6827 Breim. Tel. 57 86 83 15. Faks 57 86 83 75. www.fjordhestgarden.no E-mail: info@fjordhestgarden.no

Helleristingar

Inst i den tronge Vingenpollen, med bratt fjell ikring, ligg Vingen, eit av dei største og mest særmerkte helleristingfelta i Nord-Europa. Her er mellom 1000 og 1500 figurar, truleg laga av veidefolk i yngre steinalder (omlag 4000-6000 år gamle). Helleristingane er verna og difor er det svært avgrensa tilgong til dei. Tvers over fjorden frå Vingenfeltet ligg det sagnomsuste fjellet Hornelen, som er Nord-Europas høgaste sjøklippe 860 meter over havet. Helleristingar 6723 Svelgen. Bremanger kommune. Tel. 57 79 33 01/ 57 79 69 00.

Norges vestligaste punkt med fastlandssamband

Norge sitt vestligaste punkt med fastlandssamband! Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i havet. På godvêrsdagar har ein panoramautsikt i alle himmelretningar. Fin utsikt over Sunnmørsalpane, Hornelen, Ålfotbreen og det frykta Stadhavet. Også høve til overnatting. Vestkapp/Kjerringa (496 m.o.h) Vestkapphuset, 6717 Flatraket. Kafé, restaurant og suvenir. Tel.: 57 85 68 17. Faks 57 85 68 16. www.vestkapphuset.no E-mail: oddgeir.kvernevik@c2i.net

Selje Kloster og Legenda om St. Sunniva

På øya Selja, 15 minuttars båttur frå Selje, ligg ruinane av Selje Kloster. Klostertårnet er intakt. Dette klosteret blei bygt av Benediktinermunkar tidleg på 1100-talet. Legenda om den heilage Sunniva, som leid martyrdøden her, lever vidare. Legenda fortel at den irske kongsdottera Sunniva flykta då landet hennar blei hærteke av heidningar og den nye kongen ville gifte seg med henne. Ho kom i land på øya Selja. Selje Kloster og Legenda om St. Sunniva 6740 Selje. Selje Turistinformasjon Tel. 57 85 66 06. Faks 57 85 68 36. E-mail: sunniva1@start.no

Kråkenes Fyr

Ein stad å vere, ein stad å oppleve elementer. Hav og himmel, sol og lys, vind og ver. Kråkenes Fyr ligg på den nordlegaste og mest vêrharde plassen i Vågsøy kommune. Å stå på trygg avstand frå dei frådande bylgjene ein uvêrsdag og studere det opprørte havet er ei fantastisk oppleving. På denne vêrstasjonen samlar ein inn viktig data. Frå fyret har ein flott utsikt mot det berykta Stadhavet. Det unge tyske paret som driv fyret inviterer til kaffi/te og vaflar i tillegg til ei heilt spesiell oppleving. Sal av fyr suvenir, postkort, bøker frå området, økologisk dyrka urter og teblad. Kurstilbod: Behandling for sjøsjuke, sjølvutviklingskurs og fotografering. Også høve til overnatting, mellom anna i brudesuiten med flott utsikt ut over havet. Ope frå påske til oktober, elles etter avtale. Kråkenes Fyr 6710 Raudeberg. Tel./ Faks. 57 85 55 27. Tel. +47 57 85 04 45. Mobile: 950 23 668. E-mail: tbickhar@online.no

Skarstein Fjordcruise «Isabella»

Fisketur eller fjordtur med ‹‹Isabella››. Avgang frå Olden Marina. Måndag-fredag kl. 16.00 og kl. 19.30. Andre tider samt laurdag og søndag – ring for avtale. Pris kr. 150,- pr. person. 2-3 timar. Fiskeutstyr inkludert i prisen. Gratis agn (sardinar). Minimum 3 personar. Maksimum 12 personar. Rabatt for større grupper. Det varierer kva fisk ein kan få, men dei mest vanlege er lyr, kolle, sei, makrell, hvitting og flyndre. Skarstein Fjordcruise «Isabella» 6788 Olden. Tel. 57 87 32 33/ 913 51 042

Midtkandal Fjordservice

Opplev vill og vakker vestlandsnatur på Breimsvatnet ombord i ‹‹M/B Breim››. ‹‹M/B Breim›› kan tilby ruteturar, fisketurar, grillkveldar og blåturar med servering ombord eller på land. Maksimum 35 passasjerar. Utanom dei faste rutene, er båten fullt ut disponibel for kortare og lenger oppdrag der dei kan skreddarsy opplegg. Midtkandal Fjordservice ‹‹M/B Breim›› 6823 Sandane. Tel. 917 67 907. www.mbbreim.no E-mail: midtk@online.no

For meir informasjon kontakt

:Reisemål Stryn & Nordfjord AS Postboks 370, 6782 STRYN. Tel.: 57 87 40 40. Faks 57 87 40 41. www.nordfjord.no E-mail: mail@nordfjord.no

Avstandar til Nordfjord frå

OSLO via Otta ca. 500 km OSLO via Fagernes ca. 470 km BERGEN via Lavik ca. 250 km TRONDHEIM via Otta ca. 450 km ÅLESUND ca. 150 km

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Emneord: 

På forsiden