Vinnere av nordlyssafari 2016: Jakta på nordlyset | Din Fritid
Vinnere av nordlyssafari 2016

Jakta på nordlyset

I flere år har vi hatt gleden av å arrangere en konkurranse hvor premien er en tur til Tromsø for å oppleve nordlyset fra en bobil. I vinter var forhandleren iCaravan, nordlysguide Geir Lia Hammer og hundesledefirmaet Arctic Adventure Tours på plass for å tilby unike opplevelser til vinnerne: Familien Stølen/Tjong. Her er deres reisebrev:

Som hobbyfotograf har eg jakta nordlys i mange år, og her på Vestlandet er det heller lang tid mellom kvar gong forholda ligg til rette for den slags. Eg heiv meg derfor med i konkurransen som Bobil & Caravan arrangerte i fjor haust. Ei veke med gratis bubil, ein kveld med nordlysguide og hundesledekøyring i Tromsø freista skikkeleg, og tårene trilla då redaktøren ga beskjed om at eg hadde vunne. Turen vart bestilt i samband med vinterferien, slik at gutane våre på 13 og 15 år fekk vere med.

 

 

Tromsø camping

Me kom opp til Tromsø ein torsdagskveld. Kim frå iCaravan tok i mot oss og gav oss ei skikkeleg innføring i bilen, ein Challenger alkovebil. Etter å ha blitt kjent med bilen køyrde me rett til Tromsø Camping. I det me svinga inn på plassen såg me nordlyset dansa i mellom skyene, men innan me hadde ordna oss på staden, var det byrja å snøa. Eg hadde følgt med på vêret i vekene før og visste at det hadde kome mykje snø siste veka. Og dei fyrste dagane våre kom det endå meir, kanskje 30-40 cm til saman. Me er ikkje så trygge på vinterføre og sidan me hadde ein for oss ukjent bil, konkluderte me med at campingen var staden å vere denne veka i Tromsø. Frå hovudvegen gjekk det bussar, og drosjar var lett å få tak i. 

Bilen leverte, og det var ingen problem å halda varmen, sjølv om det enkelte dagar var tosifra minus då me vakna. Tromsø Camping har topp fasilitetar, serviceinnstilt personale og det er reint og fint.

 

Nordlys

Nordlysguiden Geir Lia Hammer henta oss på campingen og køyrte oss mot Oldervik. I minus 8 grader oppe på fjellet, vekk frå lysforureininga, fekk me sjå litt nordlys og guiden tok familiebilete av oss under den grøne randa. Det snødde i Tromsø då me kom tilbake og resten av kvelden vart brukt i god og varm bil.

Dagane gjekk med småturar i området i fint vêr, men på kvelden skya det til, så nordlyset var ikkje lett finna. 

Me hadde bestemt oss for å reisa opp på Fjellheisen ein kveld og tysdagen såg ut til å vere perfekt for det. I det sola gjekk ned svinga drosjen med familien Stølen/Tjong inn framføre gondolbanen og i ein nokså full ”Selen” vart me heist opp på toppen til ein skyfri himmel som heldt på å mørkna. Det tok ikkje lang tid før himmelen eksploderte i rullande og dansande nordlys, og gleda og adrenalinet brusa i blodet. Det var jo dette eg ville sjå! 

Noko ufrivillig måtte me bli med siste gondolen ned for kvelden og rusla oss tilbake til campen medan nordlyset dansa.

 

 

Hundesledekøyring 

Neste dag venta over 100 alaska husky-hundar på oss ute på Kvaløya. Oppmøte var i sentrum og den halvtimes bussturen ut til den idylliske staden var ei fin oppleving. 

Me fekk utdelt varme klede og helste på hundane. Dei proffe eigarane av Artic Adventure Tours gav oss opplæring før turen. Dette var stas for både oss vaksne og tenåringane. Litt småkalde vart me og det var herleg å kome tilbake i oppvarma gamme og til servering av varm drikke og heimelaga sjokoladekake. Dette var siste kvelden vår der oppe i vinterland og me unnte oss pizza i sentrum før me skulle tilbake til bilen for å pakka. Pakkinga måtte guttaboys ta seg av for nordlyset herja og viste seg frå si finaste side denne kvelden, så eg sprang omkring på campingen og foreviga opplevinga. Snakk om avslutning på ferien! 

Tusen takk til Din Fritid med bobil & caravan, iCaravan, Artic Adventure Tours og Geir Lia Hammer for å gje oss ei fantastisk veke i nordens Paris.  

 

Gunn-Bente Stølen (tekst), Odd Harald Tjong, Ole-Kristian og Jon-Vegard

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Emneord: 
Finnes i utgave: 

På forsiden