: Ny Tana bru er opna | Din Fritid

Ny Tana bru er opna

– Tana bru bind Øst-Finnmark saman med resten av Noreg. Brua er difor eit viktig knutepunkt for både folk og næringsliv. Den gamle brua tolte ikkje så tunge lastebilar. No er ein flaskehals på E6 fjerna, så spesielt for næringstransporten er dette ein stor dag, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Statssekretær Ingelin Noresjø stod for den offisielle opninga av Tana bru tysdag 15. september. Den nye brua erstattar den gamle brua frå 1948, og er bygd for å tole 11 gonger meir.

– Det gjer kvardagen enklare for alle som køyrer lastebil. I dag er det vanleg med større og tyngre lastebilar enn før. Når desse òg kan køyre over Tanaelva, får vi færre lastebilar på vegane. Det er betre for miljøet, seier Hareide.

I samband med brua, er det bygd gang- og sykkelveg over elva. Dei myke trafikantane får dermed ei tryggare kryssing av elva. Entreprenøren har òg hatt stort fokus på å unngå forureining i Tanaelva, som er eit av Noregs viktigaste laksevassdrag.

Statens vegvesen har hatt ansvaret for utbygginga. Det polske selskapet Vistal og det lokale HAK Entreprenør har vore hovudentreprenørar.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Emneord: 

På forsiden