Skal betre trykkleiken:: Nasjonale turiststiar får 12 millionar | Din Fritid
Senja er et av stedene som har fått midler for å utbedre den nasjonale turiststien opp til Segla. Foto Simo Räsänen.
Skal betre trykkleiken:

Nasjonale turiststiar får 12 millionar

Regjeringa laga i 2017 ordninga Nasjonale turiststiar, som skal bidra til å redusere slitasje og forsøpling og betre tryggleiken på dei mest brukte turstiane våre. I år har 14 ulike prosjekt fått midlar frå ordninga som har ei samla ramme på 12 millionar kroner.

Det er Klima- og Miljødepartementet som har ansvaret, og dei sier dette om prosjektet:

– Med ordninga Nasjonale turiststiar vil regjeringa legge til rette for at ferdsel i norsk natur skjer på ein berekraftig måte. Sjølv om koronapandemien gjer at vi i år opplever heilt spesielle tider, skal vi ønskje reisande fotturistar frå Noreg og andre land velkomen til å vandre på desse stiane att. Da må vi sørge for at auka ferdsel ikkje går ut over tryggleik, naturverdiar eller opplevingsverdiar, seier klima- og  miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Tilskota frå regjeringa vil gjere at naturkvalitetar, opplevingskvalitetar og tryggleik blir tekne vare på i nokre av våre flottaste og mest besøkte naturområde. Dei siste åra har ei rekkje stiar fått tilskot frå ordninga, og vi ser allereie ein markant nedgang i mengd utrykkingar frå redningstenesta, mindre slitasje og mindre forsøpling i naturen. Erfaringa er at ganske enkle tiltak kan redusere både slitasje, forsøpling og mengd utrykkingar frå redningspersonell, kan departementet fortelja i ein pressemelding.

Det er Miljødirektoratet som har fordelt pengane til dei ulike prosjekta.  Les meir her.

Prosjekta som har fått tilskot i år er: 

  • Preikestolen: Omlegging av sti ved start for å unngå å krysse vegen i ein sving, omlegging og sti over eit myrområde, vinterberedskap.
  • Fosseråsa: Ferdigstilling av stien i Mørkja (midtre del av turen), informasjon om fare for å ramle i elva.
  • Trolltunga: Fjellvakt, diverse arbeid med trafikk/bom/parkering, informasjon, tilrettelegging av sti.
  • Besseggen: Fjellvaktordning.
  • Engabreen, Meløy: Vertskap, lokalt samarbeid, informasjon.
  • Kjerag: Trafikkteljingar, tilrettelegging, vertskap, tryggleik.
  • Reinebringa: Ferdigstilling av sti mot toppen der det har vore problem med steinsprang.
  • Romsdalsegga: Tilrettelegging av nedste del av stien, toalett Åndalsnes.
  • Rødøy: Steinlegging av sti til Rødøyløva
  • Kvalvika/Ryten: Arbeid med besøksforvaltning, utprøving av ulike transportmoglegheiter (båt, sykkel, buss), parkering
  • Segla på Senja: Parkeringsplass og toalett.
  • Gaustatoppen: Brukarundersøking.
  • Skagsvolla, Trysil: Tilrettelegging av sti, gapahuk
  • Dronningruta: Tilrettelegging

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Emneord: 

På forsiden