8,5 kilometer:: Nytt rekkverk på E39 og Riksveg 13 | Din Fritid
Riksveg 13 ved Røldalsvatnet.
8,5 kilometer:

Nytt rekkverk på E39 og Riksveg 13

Statens vegvesen skal setja opp totalt 8,5 kilometer nytt rekkverk i Nord-Rogaland, Ryfylke og Sunnhordland.

Fire entreprenørar leverte tilbod, og det var Arvid Gjerde AS som fekk kontrakten, melder Statens vegvesen.

Ferdige til jul

På grunn av karenstid og reglar om klagefrist kan ikkje jobben starta før 4. august.

– Men derfrå går det fort. Alt skal vera ferdig innan 1. desember, og Statens vegvesen krev i kontrakten at 75 prosent av arbeida skal gjerast innan 15. oktober, sseier byggeleiar Einar Stange i Statens vegvesen.

Dette er vegstrekningane

Nye rekkverk på E39 i denne omgang vert sett opp frå Rød i Sveio (Sunnhordland) og sørover til fylkesgrensa mot Rogaland. I tillegg kjem strekninga Våg - Grinde i Tysvær kommune i Nord-Rogaland.

På Riksveg 13 er det strekninga frå Botna bru til Håra i Ullensvang kommune som får nytt rekkverk.

Våg – Grinde er den tyngst trafikkerte strekninga av desse tre. Her er det 9100 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla ÅDT (årsdøgntrafikk).

Frå Rød i Sveio og sørover til fylkesgrensa mot Rogaland varierer ÅDTen frå 4000 til 6500. Langs Røldalsvatnet på Riksveg i 13 i Ullensvang er trafikkmengden på 400 køyretøy per døgn.

Stup utfor vegkanten

Mesteparten av jobben er å skifta ut eksisterande stålrekkverk. Det er gammalt og held ikkje mål i høve til dagens krav. Gamle trestolpar gjer at rekkverket er svekt, og fleire stader er det for kort i forhold til dagens retningslinjer. Enkelte stader må vi bruka betongrekkverk fordi det det er stup rett utfor vegkanten.

Fleire stader langs E39 ligg gang- og sykkelvegen heilt i kant med køyrebanen. Her skal eksisterande dobbelt rekkverk eller midtrekkverk erstattast.

Det blir fleire hundre meter plasstøypt betongrekkverk langs Riksveg 13, der vegen fleire stader ligg med stup mot Røldalsvatnet.

– Det finst ingen tommelfingerregel på kor lang levetid eit rekkverk har. Men vi ser at det er mykje gammalt rekkverk langs vegane våre. Inspeksjon er gjennomført og vi ser dette som ei prioritert oppgåve i åra som kjem. Det handlar om å sikra trafikktryggleiken for dei reisande til ei kvar tid, samstundes som vi får mest mogleg igjen for vedlikehaldsmidlane, seier Stange.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Emneord: 

På forsiden