Har tiltak klare for Hardangerbrua:: Dette skjer med flaskehalsen på riksveg 13 | Din Fritid
Statens vegvesen sett inn tiltak mot ein årviss sommar-flaskehals på Riksveg 13 sør for Hardangerbrua (biletet). Foto: Kjell Wold, Statens vegvesen
Har tiltak klare for Hardangerbrua:

Dette skjer med flaskehalsen på riksveg 13

Riksveg 13 Bu – Kinsarvik i Hardanger, mellom Hardangerbrua og Kinsarvik, er ein flaskehals kvar sommar. Statens vegvesen er opptekne av å gjera det vi kan for å sikra framkomelegheita og trafikktryggleiken på alle våre vegar til ei kvar tid, fortel selskapet i ein pressemelding til Din Fritid.

Difor har Statens vegvesen i fellesferien (9. juli – 1. august) klar fylgjebil og trafikkdirigentar viss lysreguleringa ikkje får unna trafikken på denne utsette vegstrekninga. Statens vegvesen oppmodar alle trafikantar til å sjekka vegmeldingane på 175.no før ein skal ut og reisa. Her får ein til ei kvar tid oppdatert trafikkinformasjon på alle landets vegar.

Slik kan ein i god tid vurdera alternative omkøyringar, noko som kan vera særleg aktuelt no om sommaren, når trafikken er betydeleg større enn elles.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Emneord: 

På forsiden