Nå kan du gå over Vøringsfossen!
Fredag 21. august opnar Statens vegvesen ny turistvegattraksjon med ein spektakulær trappebru ovanfor Vøringsfossen langs Nasjonal turistveg Hardangervidda.
Brua er teikna av arkitekt Carl-Viggo Hølmebakk, og konstruksjonen føyer seg inn i ein lang tradisjon i å utforska feltet mellom arkitektur, teknologi, infrastruktur og natur:
– Mange forhold har påverka brua si form. Konstruksjonen må vera sikker og robust, brua skal koplast til den gamle kløvvegen og landskapet, og sjølvsagt er det lagt vekt på utsikt og oppleving. Brua skaper ein ny situasjon å sjå og forstå landskapsrommet på, seier Hølmebakk. Brua har ei spennvidde på 47 meter og tel 99 trappetrinn. Høgdeskilnaden mellom bru sidene er 16 meter. Dei sju brudelane er heist på plass med kran og montert saman på staden. Heile gangbrua er bygd i stål og sikra med solide fjellsikringsboltar. Prosjektleiar Kjersti Wold kallar prosjektet eit nybrotsarbeid:
– Små eller ingen toleransar i samankoplinga av delane har stilt store krav til prosjekteringa og produksjonen. Monteringa av brua i ni hektiske døgn i juni på ein stad med bratte stup ned i ei stri elv har dessutan stilt harde krav til sikkerheit, mannskap og utrustning, fortel Wold. Utviklinga av reiselivsikonet Vøringsfossen skjer steg for steg slik at turistane og reiselivsnæringane får glede og nytte av etappane etter kvart som dei står ferdige. Trappebrua saman med stiar og utsiktspunkt er det andre byggetrinnet i Statens vegvesens si utvikling av turistvegattraksjonen Vørin gsfossen. Det første stod klart i 2018 og omfattar utsiktsplattformar, stiar, gjerde, parkering og servicebygg nedanfor Fossli hotell. Tredje trinn med oppstart i 2021 inneheld utsiktspunkt, stiar og toalett. Når dette er fullført vil heile vandringa rundt juvet i starten av Måbødalen vera sikker og komplett.